Menu
Menu

Er du vår nye Ski-glade Innhaldsprodusent til SoMe ?

Voss herad Norway`s best Apply before: 2022-10-14

Er du god på sosiale media og elskar å stå på ski/brett?

Norway's best søkjer etter ein kreativ og sjølvgåande innhaldsprodusent til dei digitale kanalane våre.

Stillinga er 100% vikariat i 6 månader (med moglegheit for forlenging).

Du vil jobba primært med merkevara Myrkdalen som inkluderer skianlegg, hotell og eigedom, og får hovudansvaret for å skapa engasjerande og inspirerande innhald på Instagram, TikTok og Facebook. Stillinga krev at du er fleksibel og er til stades «der det skjer». Du vil jobba tett saman med vår Brand Manager og Digital Marknadsførar, og vil vera ein viktig bidragsytar i marknadsavdelinga som i dag består av 10 personar. 

Hjå oss vil du være ein del av eit stort miljø i Norway’s best konsernet, som består av fleire hotel og destinasjoner med spennende muligheter.  

ANSVARSOMRÅDE OG ARBEIDSOPPGÅVER:

  • Planlegging, produksjon og publisering av innhald relatert til merkevara Myrkdalen i sosiale media (p.t. Instagram, Facebook og TikTok)
  • Ansvar for oppfølging av spørsmål og svar som kjem via sosiale media
  • Halda seg oppdatert på marknadsføringstrendar innan sosiale media
  • Delta på og dokumentera aktivitetar og arrangement i Myrkdalen
  • Delta i prosjekt i marknadsavdelinga eller andre delar av konsernet
  • Bidra på lik linje med alle andre i avdelinga til å løysa marknadsrelaterte oppgåver utover ansvarsområde

ME SER ETTER DEG SOM:

  • Har stor interesse for og god erfaring med bruk av ulike sosiale media
  • Er skientusiast og glad i å vera ute
  • Er opptatt av kvalitet og berekraft
  • Er open, varm og venleg
  • Trivst med å ha mange ballar i lufta, er kreativ, sjølvgåande og strukturer
  • Kommuniserer tydeleg på engelsk og norsk, skriftleg og munnleg. Nynorsk er i tillegg ein stor fordel.
  • Er profesjonell og personleg i møte med gjester, kollegaer og partnarar

 

ME TILBYR:

  • Konkurransedyktige vilkår
  • Ein variert og innhaldsrik arbeidskvardag
  • Moglegheit til å jobba med ein leiande aktør i ein særs framtidsretta bransje
  • Gode karrieremoglegheiter
  • Eit spennande og internasjonalt arbeidsmiljø
  • Ei sentral stilling i ein avdeling med moglegheit til å påverka utviklinga til selskapet

 

Høyrest dette ut som noko for deg? Send inn søknad og CV då vel!

Norway’s best AS har i over 20 år posisjonert Flåm med Flåmsbana og Nærøyfjorden til eit av dei største turistreisemåla i Noreg. I dag har selskapet aktivitet i Flåm, Aurland, Myrkdalen, Geiranger, Hjørundfjorden, Hardanger, Lofoten og Narvik. Norway’s best AS er eigd av Aurland Ressursutvikling som i 2019 hadde ein omsetnad på over NOK 1 mrd, meir enn 500 heilårs- og deltidstilsette og 1,7 millionar gjester. Aurland Ressursutvikling eig Myrkdalen Fjellandsby 100%, 50% av Flåmsbana og 50% av The Fjords. I tillegg eig og driftar selskapet fire hotell, 14 restaurantar og bakerikonsept. Me driv suvenirbutikk med nettbutikk og Flåmsbanamuseet. I Norway’s best AS verdset me naturen, miljøet og dei lokalsamfunna me opererer i. Ved å gjera vårt ytterste for å redusere vår miljøpåvirkning og støtte opp rundt lokal verdiskaping, ynskjer me å vera ein positiv bidragsytar til eit betre samfunn både lokalt og globalt og bidra til å ta reiselivsnæringa i ein meir berekraftig retning. Våre ansatte er kjernen i verksemda og me ynskjer å skape eit inkluderande og likestilt miljø med trygge arbeidsplassar.
Contact:
Even Hulleberg, Markedssjef
996 07 639