Menu
Menu

Vil du være med å forme morgendagens reiseliv?

Voss herad Norway's best AS Apply before: 2024-05-14

Norway’s best AS er på søk etter ein strukturert relasjonsbygger

 

Norway’s Best AS er ein av Noreg sine mest spanande reiselivsbedrifter. Me står bak mange av dei beste kultur- og naturbaserte opplevingane Norge har å tilby, og vi kan stolt sei at vår produktportefølje er i utvikling. Leiar for opplevingar og produkt er ei nyoppretta stilling i ein ny organisering, der du får eit stort ansvar for å styrke samhandling og samarbeid på tvers av avdelingar og roller. Du vil leie ein fagleg sterk og engasjert gjeng på 8 personar, som har ansvar innanfor produktutvikling, produksjon og arrangement.

Me ser etter deg som er ein tydeleg, inkluderande og nysgjerrig leiar med brei erfaring innan produktutvikling og sal. Du liker å arbeide strukturert, ta og få ansvar og vert motivert av å nå mål i lag med teamet ditt.

Vår kultur skal vere prega av at dei tilsette vågar å stille spørsmål, kan vere seg sjølve og blir sett og respektert for den dei er. Likar du å arbeide i eit selskap i vekst og utvikling og som engasjerer seg for menneske og samfunn, så vil du trivast hjå oss.

Stillinga vil rapportere til Driftsdirektør.

 Ansvarsområde og arbeidsoppgåver 

  • Ansvar for Norway's best totale produktportefølje, med oppfølging av budsjett og resultat
  • Utvikle og styrke vår posisjon i marknaden gjennom lansering av nye produkt og konsept
  • Ansvar produksjon av produkt for sal via våre digitale kanalar
  • Optimalisering av produktportefølje
  • Ansvar for at produktporteføljen er oppdatert til kvar tid
  • Bidra til auka sal av produkt gjennom tett samarbeid med kommersielle avdeling
  • Leverandørkontakt

Me ser etter deg med

  • Høgare utdanning innan fagretning som marknadsføring, økonomi eller leiing
  • Erfaring frå produktleiing/ produktutvikling og personalleiing
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Kunnskap om produksjonssystem
  • Analytisk med god tallforståing

Kva me kan tilby

Ei spanande stilling i et ambisiøst selskap med eit stort mangfald i både aktivitet og menneske.

Du vert ein del av eit stolt kollegium i eit av Norges leiande reiselivsbedrifter, der me legg til rette for både personleg og fagleg utvikling.  

Våre reisemål er omgitt av spektakulær natur, med store moglegheiter for fritidsaktivitetar.

Nokre av våre gode:

  • Konkurransedyktige vilkår
  • Pensjons- og forsikringsordningar gjennom Nordea Liv og Gjensidige
  • Kurs og fagleg oppdatering
  • Moglegheit til heimekontor etter avtale
  • Rabatt på overnatting og servering på alle våre hotell og restaurantar
  • Skikort i Myrkdalen
  • Ambassadørskort på Flåmsbana
  • Rabatt og tilbod på Norway’s best produkt og aktivitetar

 

Fast stilling: 100% 

Oppstart: etter avtale 

Søknadsfrist: Søkere vurderes fortløpende og ansettelse kan skje før utgang av søknadsfrist.

Arbeidsstad: Flåm eller Myrkdalen (køyring mellom reisemål må påreknast)

Gjennom å tilby spektakulære naturbaserte opplevingar har Norway’s best AS posisjonert Flåm og Myrkdalen i over 20 år. Med fyrtårn som Flåmsbana og Nærøyfjorden har Flåm blitt til eit av dei største turistreisemåla i Noreg, og i pudderparadiset Myrkdalen finns den mest omfattande skidestinasjonen på Vestlandet. I dag har selskapet aktivitet i Flåm, Aurland, Myrkdalen, Geiranger, Hardanger og Lofoten. Norway’s best AS er eigd av Norway's best Group AS som i 2019 hadde ein omsetnad på over NOK 1 mrd, meir enn 500 heilårs- og deltidstilsette og 1,7 millionar gjester. Norway's best Group AS eig Myrkdalen Fjellandsby 100%, 50% av Flåmsbana og 50% av The Fjords. I tillegg eig og driftar selskapet fire hotell, 14 restaurantar og bakerikonsept. Me driv suvenirbutikk og Flåmsbanamuseet. I Norway’s best AS verdset me naturen, miljøet og dei lokalsamfunna me opererer i. Ved å gjera vårt ytterste for å redusere vår miljøpåvirkning og støtte opp rundt lokal verdiskaping, ynskjer me å vera ein positiv bidragsytar til eit betre samfunn både lokalt og globalt og bidra til å ta reiselivsnæringa i ein meir berekraftig retning. Våre ansatte er kjernen i verksemda og me ynskjer å skape eit inkluderande og likestilt miljø med trygge arbeidsplassar.
Contact:
Bent Cato Danielsen, Driftsdirektør
46360616