Menu
Menu

Bli med oss i Myrkdalen - fast stilling i teknisk driftsavdeling

Voss herad Norway's best AS Apply before: 2025-04-30

Gjennom å tilby spektakulære naturbaserte opplevingar har Norway’s best AS posisjonert Flåm og Myrkdalen i over 20 år.

Myrkdalen Fjellandsby er i dag den mest omfattande skidestinasjonen på vestlandet og har eit stort etablert hyttefelt med nøkkelferdige hytter, leilegheiter og tomter til sals.  

Myrkdalen er plassen for dei som søkjer etter aktivitetar for heile familien, og heile året. Vinterstid er det skiglede som er i fokus og sommarstid byr Myrkdalen på varierte aktivitetar i kontrastfylte fjell- og fjordlandskap.

Norway's best AS har 2 ledige 100% faste stillinger i teknisk driftsavdeling, med arbeidsstad Myrkdalen og ser derfor etter 2 hendiga personar!

Som driftsmedarbeider vil du være delaktig i dagleg oppfølging av drift og vedlikehaldsbehov for bygningsmassen og uteområda til Norway’s Best AS på reisemål Myrkdalen. 

Arbeidsoppgåver:

  • Vere delaktig i drift av ein framtidsretta avdeling, med fagleg dyktige kollegaer 
  • Drift, tilsyn og skjøtsel som inneber overvaking, oppfølging og drift av bygg, tekniske anlegg og uteområde
  • Identifisere og gjennomføre tiltak som bidrar til høg kundetilfredsheit
  • Oppfølging av avviksmeldingar
  • Bruke nettbaserte løysningar for dokumentasjon av vedlikehaldsarbeid
  • Inngå i rullerande vaktordning

Ynskja kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • God kjennskap til drift og vedlikehald av bygg og næringseigedom 
  • Fagbrev innanfor byggtekniske fag, men ikkje eit krav - relevant praksis kan vege opp for manglande formell utdanning
  • Du har god framstillingsevne, skriftleg og munnleg i norsk evt. engelsk
  • Førarkort minimum klasse B (E).

 Kva me kan tilby

Ei spanande fast stilling i et ambisiøst selskap med eit stort mangfald i både aktivitet og menneske.

Du vert ein del av eit stolt kollegium i eit av Norges leiande reiselivsbedrifter, der me legg til rette for både personleg og fagleg utvikling. 

Våre reisemål er omgitt av spektakulær natur, med store moglegheiter for fritidsaktivitetar.

Nokre av våre gode:

  • Konkurransedyktige vilkår
  • Pensjons- og forsikringsordningar gjennom Nordea Liv og Gjensidige
  • Skikort i Myrkdalen
  • Rabatt og tilbod på Norway’s best produkt og aktivitetar
 

 

Gjennom å tilby spektakulære naturbaserte opplevingar har Norway’s best AS posisjonert Flåm og Myrkdalen i over 20 år. Med fyrtårn som Flåmsbana og Nærøyfjorden har Flåm blitt til eit av dei største turistreisemåla i Noreg, og i pudderparadiset Myrkdalen finns den mest omfattande skidestinasjonen på Vestlandet. I dag har selskapet aktivitet i Flåm, Aurland, Myrkdalen, Geiranger, Lofoten og Oslo. Norway’s best AS er eigd av Norway's best Group AS som har ein omsetnad på over NOK 1 mrd, meir enn 500 heilårs- og deltidstilsette og 1,7 millionar gjester. Norway's best Group AS eig Myrkdalen Fjellandsby 100%, 100% av The Fjords og 50% av Flåmsbana. I tillegg eig og driftar selskapet fire hotell, 14 restaurantar og bakerikonsept. Me driv suvenirbutikk og Flåmsbanamuseet. I Norway’s best AS verdset me naturen, miljøet og dei lokalsamfunna me opererer i. Ved å gjera vårt ytterste for å redusere vår miljøpåvirkning og støtte opp rundt lokal verdiskaping, ynskjer me å vera ein positiv bidragsytar til eit betre samfunn både lokalt og globalt og bidra til å ta reiselivsnæringa i ein meir berekraftig retning. Våre ansatte er kjernen i verksemda og me ynskjer å skape eit inkluderande og likestilt miljø med trygge arbeidsplassar.
Contact:
Odd Inge Gjerald
95966890

Roy Viktor Ohnstad, Teknisk leiar
90226960