Sesongsmedarbeider til alpindestinasjon - Vinter25/26
Bli med og skap magiske vinterminner i Myrkdalen – vi søkjer sesongmedarbeidarar til vinteren 2025/2026
Myrkdalen er ein livleg fjelldestinasjon i hjarta av Vestland, med snøsikre vintrar, familievenleg skikøyring og eit breitt tilbod av aktivitetar, arrangement og serveringstilbod. Her finn du skianlegg, hotell, restaurantar, skiutleige, butikkar og skiskule – samla på eitt og same reisemål.
Som sesongmedarbeidar i Myrkdalen blir du ein viktig del av eit tverrfagleg og engasjert miljø.
Vi ser etter personar som likar å hjelpe andre, held hovudet klart når mykje skjer og finn glede i å gi gjestene ei god oppleving frå første stund.
Nokre av stillingane krev relevant arbeidserfaring, fagkompetanse eller spesifikke krav knytt til alder eller sertifikat – til dømes for kokk, skiinstruktør og heisførar. Samtidig har vi mange roller der opplæring blir gitt, og du treng ikkje erfaring frå reiseliv eller sesongarbeid frå før – det viktigaste er at du delar misjonen vår om å oppfylle draumar og skape minner, både for gjestene og for deg sjølv.
Vi har ledige sesongstillingar, både heiltid og helg/ferie, innan følgjande område:
Myrkdalen Fjellheisar
- Skipatrulje – fast i sesong og helg/ferie
- Velkomstsenter/kafé/kiosk (Myrkdalsstovo) – fast i sesong
- Billettsal og kiosk – helg/ferie
- Heisførarar – fast i sesong (over 18 år)
- Heisførarar - helg og ferie (over 18 år)
- Heisførarassistentar – helg/ferie
- Trakkemaskinførar (førarkort påkrevd)
Myrkdalen Hotel
- Resepsjonistar
- Reinhaldarar
- Kokkar
- Servitørar
- Oppvaskhjelp
- Bartenderar
Myrkdalen Skiskule
- Ski- og snowboardinstruktørar
- Booking- og aktivitetskoordinatorar
Myrkdalen Sport og Skiutleige
- Medarbeidar Butikk- og skiutleige
- Medarbeidar skiservice
Høyrest dette ut som noko for deg?
Send inn CV og ein kortfatta søknad der du spesifiserer kva for rolle(r) du er interessert i. Vi set pris på at du også oppgir om du kan jobbe heil sesong, i helgar og/eller i feriar.
søknader vil bli behandla fortløpande
Gjennom å tilby spektakulære naturbaserte opplevingar har Norway’s best AS posisjonert Flåm og Myrkdalen i over 20 år. Med fyrtårn som Flåmsbana og Nærøyfjorden har Flåm blitt til eit av dei største turistreisemåla i Noreg, og i pudderparadiset Myrkdalen finns den mest omfattande skidestinasjonen på Vestlandet. I dag har selskapet aktivitet i Flåm, Aurland, Myrkdalen, Geiranger, Lofoten og Oslo. Norway’s best AS er eigd av Norway's best Group AS som har ein omsetnad på over NOK 1 mrd, meir enn 500 heilårs- og deltidstilsette og 1,7 millionar gjester. Norway's best Group AS eig Myrkdalen Fjellandsby 100%, 100% av The Fjords og 50% av Flåmsbana. I tillegg eig og driftar selskapet fire hotell, 14 restaurantar og bakerikonsept. Me driv suvenirbutikk og Flåmsbanamuseet. I Norway’s best AS verdset me naturen, miljøet og dei lokalsamfunna me opererer i. Ved å gjera vårt ytterste for å redusere vår miljøpåvirkning og støtte opp rundt lokal verdiskaping, ynskjer me å vera ein positiv bidragsytar til eit betre samfunn både lokalt og globalt og bidra til å ta reiselivsnæringa i ein meir berekraftig retning. Våre ansatte er kjernen i verksemda og me ynskjer å skape eit inkluderande og likestilt miljø med trygge arbeidsplassar.