Menu
Menu

Er du vår nye Booking kollega?

Voss herad Myrkdalen Hotel Apply before: 2025-07-18

Myrkdalen Hotel søker bookingmedarbeidar i fast 100 % stilling

Myrkdalen er ein livleg fjelldestinasjon i hjarta av Vestland – kjent for snøsikre vintrar, familievennleg skikøyring og eit breitt utval av aktivitetar året rundt. Vi søkjer deg som brenn for god gjesteservice og som trivst med å ha oversikt, skape struktur og vere eit trygt kontaktpunkt for gjestene våre. Du blir del av Myrkdalen Hotel, ein del av Norway’s best – eit konsern som tilbyr opplevingar og overnatting i fleire av Noregs vakraste reisemål. Her får du engasjerte kollegaer både lokalt og på tvers av selskap og reisemål. 

Noen av dine arbeidsoppgåver:

  • Behandle bestillingar og førespurnadar via telefon, e-post og bookingsystem
  • Gje god og personleg rådgiving til gjestar om overnatting, aktivitetar og pakkeløysingar
  • Sikre korrekt registrering og oppfølging av reservasjonar
  • Samarbeide tett med resepsjon, skiskule og andre avdelingar
  • Følgje opp grupper og turoperatørar
  • Bidra til eit effektivt og triveleg arbeidsmiljø

Vi ser etter deg som:

  • Er serviceinnstilt og har en genuin interesse for å hjelpe folk
  • Kommuniserer godt både munnleg og skriftleg, på norsk/ Skandinavisk språk og engelsk
  • Har erfaring frå kundeservice, resepsjon eller booking (fordel, men ikkje krav)
  • Har gode datakunnskapar og lærer raskt nye system
  • Har du erfaring frå HotSoft eller liknande PMS system, Citybreak og SuperOffice er det ein fordel.

Vi tilbyr:

Ein spennande stilling i eit ambisiøst og dynamisk selskap som engasjerer seg for menneske og samfunn. Du vert ein del av eit stolt kollegium i eit av Noregs leiande reiselivsbedrifter, der vi legg til rette for både personleg og fagleg utvikling. I Norway’s best er vi opptatt av mangfald og inkludering, og dette speglar seg i kulturen vår. Dei tilsette vågar å stille spørsmål, kan vere seg sjølv og blir sett og respektert for den dei er.

  • Lønn etter Riksavtalen
  • Pensjons- og forsikringsordningar gjennom Nordea Liv og Gjensidige
  • Rabatt og tilbod på Norway’s best sine produkt og aktivitetar

Oppstart: Etter avtale

 

Gjennom å tilby spektakulære naturbaserte opplevingar har Norway’s best AS posisjonert Flåm og Myrkdalen i over 20 år. Med fyrtårn som Flåmsbana og Nærøyfjorden har Flåm blitt til eit av dei største turistreisemåla i Noreg, og i pudderparadiset Myrkdalen finns den mest omfattande skidestinasjonen på Vestlandet. I dag har selskapet aktivitet i Flåm, Aurland, Myrkdalen, Geiranger, Lofoten og Oslo. Norway’s best AS er eigd av Norway's best Group AS som har ein omsetnad på over NOK 1 mrd, meir enn 500 heilårs- og deltidstilsette og 1,7 millionar gjester. Norway's best Group AS eig Myrkdalen Fjellandsby 100%, 100% av The Fjords og 50% av Flåmsbana. I tillegg eig og driftar selskapet fire hotell, 14 restaurantar og bakerikonsept. Me driv suvenirbutikk og Flåmsbanamuseet. I Norway’s best AS verdset me naturen, miljøet og dei lokalsamfunna me opererer i. Ved å gjera vårt ytterste for å redusere vår miljøpåvirkning og støtte opp rundt lokal verdiskaping, ynskjer me å vera ein positiv bidragsytar til eit betre samfunn både lokalt og globalt og bidra til å ta reiselivsnæringa i ein meir berekraftig retning. Våre ansatte er kjernen i verksemda og me ynskjer å skape eit inkluderande og likestilt miljø med trygge arbeidsplassar.
Contact:
Knut Kettermann, Hotelldirektør
97582420