Menu
Menu

Bli vår nye salgsleiar for møte og opplevingar!

Voss herad Norway's best AS Apply before: 2025-11-03

Salgsleiar møter og opplevingar

Vi ser etter ein engasjert og kommersielt sterk salgsleiar møter og opplevingar som vil vere med på å utvikle og selje heilskaplege opplevingar til bedriftsmarknaden.
Det er mogleg å ha kontorplass fleire stader – på Voss, i Bergen, i Myrkdalen eller i Flåm.

Rolla kombinerer operativt salgsarbeid med leiar- og fagansvar for utvikling og resultat innan møte- og opplevingssegmentet i konsernet.

Som salgsleiar får du jobbe tett med våre hotell, aktivitetsleverandørar og kommersielle team for å skape minneverdige kundeopplevingar – frå planlegging av møte og konferansar til aktivitetar, transport og servering.

Dette er ei rolle for deg som trivst i kryssingspunktet mellom sal, produktutvikling og relasjonsbygging, og som blir motivert av å skape resultat gjennom samarbeid på tvers av destinasjonar og fagområde.

Arbeidsoppgåver og ansvarsområde

  • Leie og vidareutvikle sal og utvikling av møte- og opplevingssegmentet
  • Følgje opp salgsprosessar frå første kontakt til signert kontrakt
  • Skreddarsy tilbod og pakkar som kombinerer transport, aktivitet, overnatting og servering
  • Budsjettering, rapportering og måloppfølging i samarbeid med leiing og revenue-funksjon
  • Samarbeide tett med hotellleiing, booking, aktivitet og marknadsavdeling for å sikre heilskaplege kundeopplevingar
  • Delta på relevante messer, arrangement og nettverk for å representere selskapet og byggje relasjonar
  • Bidra til utvikling av gode rutinar, system og verktøy for sal og oppfølging
  • Personalansvar for ein Key Account Manager

Kvalifikasjonar

  • Dokumenterte salgsresultat innan B2B, konferanse eller reiseliv
  • Forståing for hotellmarknaden og reiselivstrendar nasjonalt og internasjonalt
  • Erfaring med utvikling og sal av konsept eller pakkar
  • Gode kommunikasjons- og forhandlingsferdigheiter
  • Erfaring med CRM-system (SuperOffice er ein fordel)
  • Gode kunnskapar i norsk og engelsk, både munnleg og skriftleg

Hva vi kan tilby

Ei spennande stilling i eit ambisiøst og dynamisk selskap som engasjerar seg for mennesker og samfunn. Hos oss blir du del av eit stolt kollegium i ei av Noregs  leiande reiselivsbedrifter med gode muligheiter for både fagleg og personleg vekst. I Norway’s Best er mangfald og inkludering viktige delar av kulturen. Hos oss kan du være deg sjøl, stille spørsmål og bli sett og respektert for den du er.

Nokre av våre goder:

  • Konkurransedyktige vilkår
  • Pensjons- og forsikringsordningar gjennom Nordea Liv og Gjensidige
  • Gode rabattar og tilbud på Norway’s Best sine produkt og aktivitetar

Oppstart: Etter avtale

Arbeidstad: Voss/Bergen/Flåm/Myrkdalen

Norway’s best Group AS (NBG) er eit leiande norsk reiselivskonsern, med nokre av Norges mest spektakulære natur- og kulturbaserte reiseopplevingar i sin portefølje. Vår hovudaktivitet foregår i Flåm og Myrkdalen. Med fyrtårnprodukta Flåmsbana og UNESCO-området Nærøyfjorden har Flåm blitt til eit av dei mest populære reisemåla i Noreg, og i pudderparadiset Myrkdalen har vi den største skidestinasjonen på Vestlandet. I tillegg har selskapet aktivitet i Aurland, Lærdal, Geiranger og Oslo. NBG har ein omsetnad på vel 850 MNOK, meir enn 500 heilårs- og deltidstilsette og 1,7 millionar gjester. Konsernet eig Myrkdalen Fjellandsby, The Fjords og 50% av Flåmsbana. Gjennom dotterselskapet Norway’s best AS eig og driftar konsernet fire hotell, 14 restaurantar, to bakeri, i tillegg til Flåmsbanamuseet og Aurland Skofabrikk. Selskapet har også ein stor kommersiell avdeling som marknadsfører og seljer våre og andre aktørar sine produkt til gjester over heile verda. I Norway’s best Group AS verdset vi naturen, miljøet og dei lokalsamfunna vi opererer i. Ved å gjere vårt ytterste for å redusere vår miljøpåverknad og støtte opp rundt lokal verdiskaping, ynskjer vi å bidra til ei framtidsretta og berekraftig reiselivsnæring. Våre ansatte er kjernen i verksemda og vi ynskjer å skape eit inkluderande og likestilt miljø med trygge arbeidsplassar.
Contact:
Bent Cato Danielsen, Driftsdirektør
46360616