Operations Manager – F&B – Myrkdalen Fjellandsby
Vil du leie og utvikle mat- og drikkeopplevingane i ein av Noregs mest spennande fjelldestinasjonar?
Myrkdalen Fjellandsby er eit av Vestlandets raskast veksande heilårsreisemål – kjent for snørike vintrar, sterke matkonsept, store arrangement og eit breitt spekter av serveringsstadar. No søkjer vi ein Operations Manager F&B som vil spele ei nøkkelrolle i vidare profesjonalisering og utvikling av destinasjonen sine mat- og drikkeopplevingar.
Dette er jobben for deg som vil skape, leie og utvikle noko som verkeleg betyr noko for gjestene – kvar dag.
Om rolla
Som Operations Manager F&B har du totalansvar for drift, kvalitet og utvikling av alle våre serveringsstadar – frå hovudrestauranten på Myrkdalen Hotel til populære barar, kafear og fjellstover. Du vil leie eit breitt spekter av dyktige fagpersonar – assisterande restaurantsjefar, kjøkkensjef, soussjef og driftsleiarar – og vere ein sentral del av leiargruppa for overnatting og servering på reisemålet.
Rolla kombinerer:
- heilskapleg og strategisk leiing
- kvalitet og konseptutvikling
- økonomi og resultatansvar
- tett samarbeid med kjøkken, drift og hotellleiing
Di oppgåve er å sikre at alle gjester får same førsteklasses oppleving – frå den vesle kaffistoppen til afterski-stemning og dei store kveldane på Myrkdalen Hotel.
Dine viktigaste ansvarsområde
- Leie og utvikle alle F&B-einingar på destinasjonen
- Personalansvar gjennom eige leiarteam
- Budsjett, nøkkeltal og økonomistyring
- Sikre kvalitet, service, HMS, IK-mat og gjesteoppleving
- Vidareutvikle konsept, struktur og driftsrutinar
- Bygge kultur, kompetanse og gode arbeidsmiljø
- Bidra strategisk i utviklinga av Myrkdalen som destinasjon
Vi ser etter ein F&B-leiar som kjenner seg igjen i dette
Erfaring
- Erfaren leiar med bakgrunn frå restaurant, hotell eller større serveringskonsept
- Har solid kompetanse på økonomi, nøkkeltal og lønsam drift
- Erfaring med å sikre kvalitet og service i hektiske miljø
- God forståing for sesongdrift og store volum
Kompetanse
- Sterk på struktur, kvalitetsoppfølging og operativ leiing
- God digital kompetanse – evne til å lære system raskt og jobbe datadriven
- Trygg menneskeleiar som byggjer kultur, kommunikasjon og engasjement
- Gode norskkunnskapar og engelskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Formell utdanning er ein fordel, men relevant erfaring og dokumentert resultatoppnåing er viktigare.
Hjå oss får du
- Ei nøkkelrolle med stort handlingsrom og påverknadskraft
- Moglegheit til å utvikle destinasjonen sine mat- og drikkeopplevingar
- Eit sterkt fagmiljø med engasjerte medarbeidarar
- Ein arbeidskvardag tett på natur, skiopplevingar og Vestlandets råaste fjell
- Konkurransedyktige vilkår og moglegheit for vidare karriere i Norway’s Best
- Pensjons- og forsikringsordningar gjennom Nordea Liv og Gjensidige
Arbeidsstad: Myrkdalen, Voss herad
Stilling: Fast 100 %