Rooms Division manager
- ei nøkkelrolle i ein av Vestlandet sine mest spektakulære fjelldestinasjonar
For Norway's best er Myrkdalen hotel ein sentral del av Myrkdalen Fjellandsby – den største skidestinasjonen på Vestlandet og eit heilårig reisemål i vekst. No søkjer vi ein trygg, strukturert og utviklingsorientert Rooms Division manager som vil ta heilskapleg ansvar for resepsjon, kurs- og konferanse og husøkonom avdelingane.
Om stillinga
Som Rooms Division manager skal du sikre effektiv drift, høg kvalitet i gjesteopplevinga og lønnsom utvikling. Dette er ei nøkkelrolle for deg som vert trigga av å kombinere operativ leiing med strategisk utvikling - og som vil vere tett på både gjester, medarbeidarar og resultat.
Du rapporterer til hotelldirektør og vil vere ein sentral bidragsytar i vidareutviklinga av hotellet og destinasjonen.
Dine viktigaste ansvarsområde
- Heilskapleg leiing av resepsjon, kurs & konferanse og husøkonom
- Sikre høg gjestetilfredsheit og god servicekultur
- Oppfølging av budsjett, nøkkeltal og resultat
- Bemanningsplanlegging og kompetanseutvikling
- Vidareutvikling av rutinar, standardar og arbeidsprosessar
- Samhandling med salg, revenue og øvrige avdelingar
- Aktiv oppfølging av gjestefeedback og kvalitetsmålingar
Myrkdalen er ein sesongbasert destinasjon med store variasjonar. Rett bemanning til rett tid og god planlegging er avgjerande.
Kven ser me etter
Vi ser etter ein strukturert og relasjonssterk leiar med solid erfaring frå drift av hotell eller annan relevant erfaring innan reiselivet. Du er trygg i leiarrolla og evnar å skape struktur i ein hektisk kvardag, der du kombinerer operativ handlekarft med analytisk forståing. Du bryr deg om gjengen din, er tilgjengelig og støttar dei gjennom sesongtoppar ved å forstå samanheng mellom kvalitet, bemanning og lønsemd.
Du har:
- Minimum 3–5 års erfaring frå hotell eller reiseliv
- Erfaring frå leiarrolle med personalansvar
- God økonomiforståing og erfaring med KPI-oppfølging
- Erfaring med PMS-system og analyse/rapportering
- Norsk og engelsk, skriftleg og munnleg minimum B2 nivå
Vi vurderer både erfaring og potensial i vår rekrutteringsprosess.
Kvifor Myrkdalen og Norway's best AS?
Hjå oss får du:
- Ei sentral leiarrolle i eit konsern i vekst
- Moglegheit til å påverke kvalitet, kultur og utvikling
- Varierte og utfordrande arbeidsdagar
- Eit sterkt produkt i ein attraktiv destinasjon
- Gode utviklingsmoglegheiter i konsernet