Sesongsmedarbeider til alpindestinasjon - Vinter26/27
Sesongsmedarbeider til alpindestinasjon – Vinter 26/27
Bli med og skap magiske vinterminner i Myrkdalen – vi søkjer sesongmedarbeidarar til vinteren 2026/2027
Myrkdalen er ein livleg fjelldestinasjon i hjarta av Vestland, med snøsikre vintrar, familievenleg skikøyring og eit breitt tilbod av aktivitetar, arrangement og serveringstilbod. Her finn du skianlegg, hotell, restaurantar, skiutleige, butikkar og skiskule – samla på eitt og same reisemål.
Som sesongmedarbeidar i Myrkdalen blir du ein viktig del av eit tverrfagleg og engasjert miljø.
Vi ser etter personar som likar å hjelpe andre, held hovudet klart når mykje skjer og finn glede i å gi gjestene ei god oppleving frå første stund.
Nokre av stillingane krev relevant arbeidserfaring, fagkompetanse eller spesifikke krav knytt til alder eller sertifikat – til dømes for kokk, skiinstruktør og heisførar. Samtidig har vi mange roller der opplæring blir gitt, og du treng ikkje erfaring frå reiseliv eller sesongarbeid frå før – det viktigaste er at du delar misjonen vår om å oppfylle draumar og skape minner, både for gjestene og for deg sjølv.
Vi har ledige sesongstillingar, både heiltid og helg/ferie, innan følgjande område:
Myrkdalen Fjellheisar
- Skipatrulje – fast i sesong og helg/ferie
- Velkomstsenter/kafé/kiosk (Myrkdalsstovo) – fast i sesong
- Billettsal og kiosk – helg/ferie
- Heisførarar – fast i sesong (over 18 år)
- Heisførarar - helg og ferie (over 18 år)
- Heisførarassistentar – helg/ferie
- Trakkemaskinførar (førarkort påkrevd)
Myrkdalen Hotel
- Resepsjonistar
- Reinhaldarar
- Kokkar
- Servitørar
- Oppvaskhjelp
- Bartenderar
Myrkdalen Skiskule
- Ski- og snowboardinstruktørar
- Booking- og aktivitetskoordinatorar
Myrkdalen Sport og Skiutleige
- Medarbeidar Butikk- og skiutleige
- Medarbeidar skiservice
Høyrest dette ut som noko for deg?
Søknader vert vurderte fortløpande – send gjerne søknaden din i dag!
Send inn CV og ein kortfatta søknad der du spesifiserer kva for rolle(r) du er interessert i. Vi set pris på at du også oppgir om du kan jobbe heil sesong, i helgar og/eller i feriar.
Norway’s best Group AS (NBG) er eit leiande norsk reiselivskonsern, med nokre av Norges mest spektakulære natur- og kulturbaserte reiseopplevingar i vår portefølje. Konsernet har sitt hovudkontor i Flåm, og kontorstader i Myrkdalen, på Voss, i Bergen og Narvik. Vi har ein nasjonal ambisjon og er ein konsolidator i norsk reiseliv. NBG er i front på heilskapleg reisemålsutvikling, og har i dag ei verksemd bygd på våre heilårssatsingar i Flåm, Myrkdalen og Narvik. I over 25 år har vi posisjonert Flåm, med Flåmsbana og Nærøyfjorden, til å bli eit av Norges mest populære reisemål. I pudderparadiset Myrkdalen, med Myrkdalen Fjellandsby, har vi den største skidestinasjonen på Vestlandet. I nord eig vi Narvikfjellet i Narvik og verdens nordlegaste dyrepark Polar Park i Bardu. Selskapet har i tillegg aktivitet i Aurland, Lærdal, Geiranger og Oslo. Selskapet har ein stor kommersiell avdeling som marknadsfører og selger våre eigne og andre aktørar sine attraktive produkt til gjester over heile verda. NBG har ein omsetning på vel 850 MNOK, meir enn 500 heilårs- og deltidsansatte og 2 millionar gjester årleg. Utover vår reisemålssatsing eig NBG-konsernet også det innovative selskapet The Fjords, som tilbyr unike nullutslepps reiseopplevingar på norske fjordar, og 50% av den spektakulære Flåmsbana. NBG er ikkje berre eit reiselivskonsern, vi er også ein samfunnsbyggar som ønsker å skape positive ringverknader og attraktive lokalsamfunn der vi har vår verksemd. Vi ønsker å vere i front på bærekraftig reiselivsutvikling og bidra til ei ansvarleg og framtidsretta reiselivsnæring. Vi gjer vårt yttarste for å redusere vår miljøpåvirkning og støtte opp rundt lokal verdiskaping. Våre ansatte er kjernen i verksemda og vi ønsker å skape eit inkluderande, mangfaldig og likestilt miljø med attraktive arbeidsplassar.