Menu
Menu

Myrkdalen Fjellheiser søkjer skipatruljesjef

Voss herad Myrkdalen fjellheisar Apply before: 2022-10-01

Norway’s best avd MYRKDALEN FJELLHEISER

Myrkdalen er ein fjelldestinasjon med mange aktivitetar og arrangement som går gjennom alle sesongar med eit bredt kundesegment. Myrkdalen Fjellheiser er ein avdeling i reisemål Myrkdalen som står for drift av skiheisane, trakking av løyper, billettsal og skipatruljetenesta  i Myrkdalen.

I Myrkdalen blir du ein del av eit engasjert og kunnskapsrikt team,  saman med oss vil du vera ein del av eit stort miljø i Norway’s best Konsernet som består av fleire hotell og destinasjonar, og spennande moglegheiter.

Vår skipatrulje sjef går over i ein anna stilling i konsernet og Myrkdalen Fjellheisar har for tida følgjande ledig stilling:

Skipatruljesjef  

Oppstart i Oktober 2022 - ut vintersesongen med mulegheit for fast heilårsstilling

 Ansvarsområde og arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for dagleg drift av skipatruljetenesta  
  • Ansettelsar, laga arbeidsplan og oppsett av turnus
  • Innkjøp av rekvisita og materiell, halde oversikt skipatruljebu
  • Sette seg inn i reglar for sikring av nedfarter, følgje opp IK nedfart og skadekart
  • Ansvar for sikkerheitstiltaka i bakken er etter oppsette planar
  • Syta for opplæring av anna personale 

Me søkjer deg som:

  • Er open, varm og venleg
  • Er opptatt av kvalitet og berekraft
  • Likar å arbeide i eit miljø med gjensidig respekt og samarbeid
  • Er profesjonell og personleg i møte med gjester, kollegaer og partnarar
  • Har gode førstehjelps kunnskaper eller relevant utdanning innan førstehjelp og redning
  • Har gode kunnskaper om snøskred og redningsteneste
  • Er Strukturert og nøyaktig
  • Viser initiativ og er løysningsorientert
  • Motiverast av å levere gode gjesteopplevingar
  • Er fleksibel og klar for å jobba for andre avdelingar i selskapet ved behov 

Kva me tilbyr:

  • Ei spanande og variert stilling i eit hyggeleg og hektisk arbeidsmiljø. Du får høve til å
    jobba både sjølvstendig og i tett samarbeid med andre avdelingar i destinasjonen.
  • Ordna lønns- og arbeidsforhold i samsvar med Myrkdalen Fjellheiser og Norway’s Best AS sine retningslinjer.
  • Utviklingsmoglegheiter.
  • Ein aktiv destinasjon med ski-, sykkel og turmoglegheiter.
  • Du vil verte ein del av eit miljø med høgt tempo og engasjement, der initiativ og
    drivkraft er kvalitetar me verdset.
Norway’s best AS har i over 20 år posisjonert Flåm med Flåmsbana og Nærøyfjorden til eit av dei største turistreisemåla i Noreg. I dag har selskapet aktivitet i Flåm, Aurland, Myrkdalen, Geiranger, Lysefjorden, Hjørundfjorden, Hardanger, Lofoten og Narvik. Norway’s best AS er eigd av Aurland Ressursutvikling som i 2019 hadde ein omsetnad på over NOK 1 mrd, meir enn 500 heilårs- og deltidstilsette og 1,7 millionar gjester. Aurland Ressursutvikling eig Myrkdalen Fjellandsby 100%, 50% av Flåmsbana, 50% av The Fjords og 33,5% av Arctic Train. I tillegg eig og driftar selskapet fire hotell, 14 restaurantar og bakerikonsept. Me driv suvenirbutikk med nettbutikk og Flåmsbanamuseet. I Norway’s best AS verdset me naturen, miljøet og dei lokalsamfunna me opererer i. Ved å gjera vårt ytterste for å redusere vår miljøpåvirkning og støtte opp rundt lokal verdiskaping, ynskjer me å vera ein positiv bidragsytar til eit betre samfunn både lokalt og globalt og bidra til å ta reiselivsnæringa i ein meir berekraftig retning. Våre ansatte er kjernen i verksemda og me ynskjer å skape eit inkluderande og likestilt miljø med trygge arbeidsplassar.
Contact:
John Ivar Norheim, Dagleg leiar Myrkdalen Fjellheiser
916 18 095
jin@myrkdalen.no