Menu
Menu

Administrasjonsleder i Merchandise – 50% fast stilling i reiselivsbedrift i vekst.

Aurland Norway`s best Apply before: 2022-08-15

Omringa av stupbratte fjellsider, buldrande fossefall og trange dalar er Flåm eit paradis for alle som søker naturopplevingar det ikkje finnes makan til i heile verda! 

Du finn oss i den sjarmerande bygda innst i Aurlandsfjorden, i hjartet av fjord-Norge. Dette er den perfekte base for å utforske nokre av dei mest spektakulære naturattraksjonane i Norge. Der blant anna den verdenskjente Flåmsbana er eit openbart høgdepunkt.

Merchandise har ansvar for heile produksjonskjeda frå konsept og produktutvikling til produksjon, lager og logistikk og drift av butikkane og nettbutikken Memories from Norway. Me driv fleire butikkar og eit museum, alle sentralt plassert i Flåm.

Flåmsbanamuseet er ein suvenirbutikk som har eit mangfald av varer og ei museumsoppleving som forlenger reisa med den spektakulære Flåmsbana.

Butikken Memories from Flåm ligg sentralt i stasjonsbygget i Flåm, og produktinnhaldet der er unike norske og skandinaviske produkt. Butikkane har og våre eigne kolleksjonar for sal.

Vår nystarta nettbutikk www.memoriesfromnorway.com sørgjer for at reisande kan kjøpe eit minne frå reisa også når dei er komne heimatt.

Me ser no etter en administrasjonsleder i en 50% stilling med daglig ansvar for avdelingens administrative oppgaver og økonomisk rapportering. I avdelinga for Merchandise blir du ein del av eit engasjert og kunnskapsrikt team. Me tror du er en strukturert person som liker å arbeide med tall, at du er god og kommunisere og har evne til å skape engasjement rundt salgsmålene i avdelinga.

 

Arbeidsoppgåver og ansvarsområde

  • Kasserelatert opplæring av butikkmedarbeidar
  • Økonomisk rapportering og kontroll
  • Avviks handtering
  • Vareregistrering, mottak, kontroll og registrering
  • Varelagerkontroll
  • Oppfølging av salgsbudsjett og nøkkeltall
  • Ansvarleg for kassasystem og andre systema brukt i avdelinga
  • HMS for avdelingens kontorplasser

Me ser etter deg som

  • Er open, varm og venleg
  • Likar å arbeide i eit miljø med gjensidig respekt og samarbeid
  • Beherske norsk og engelsk skriftlig og muntlig
  • Har gode Excel kunnskaper og øvrige programmer i Office pakken
  • Er profesjonell og personleg i møte med gjester, kollegaer og partnere
  • Er opptatt av kvalitet og berekraft 
  • Jobbar sjølvstendig og samarbeider godt med andre
  • Har erfaring fra lignende stilling. Uavhengig av bransje er vi på jakt etter den som er dedikert og motivert.

Me tilbyr

  • Ei spanande og variert stilling i eit hyggeleg arbeidsmiljø.
  • Ordna lønns- og arbeidsforhold i samsvar med Norway’s best AS sine retningslinjer.
  • Ei sentral stilling i ein avdeling med moglegheit for å påverka utviklinga
  • Du vil verte ein del av eit miljø med høgt tempo og engasjement, der initiativ og drivkraft er kvalitetar me verdset.
  • Rabatt og goder i Norway’s best , produkt og aktivitetar, blant anna heiskort i Myrkdalen Fjellheiser.

 

 Oppstart September, etter avtale

Norway’s best AS har i over 20 år posisjonert Flåm med Flåmsbana og Nærøyfjorden til eit av dei største turistreisemåla i Noreg. I dag har selskapet aktivitet i Flåm, Aurland, Myrkdalen, Geiranger, Hjørundfjorden, Hardanger, Lofoten og Narvik. Norway’s best AS er eigd av Aurland Ressursutvikling som i 2019 hadde ein omsetnad på over NOK 1 mrd, meir enn 500 heilårs- og deltidstilsette og 1,7 millionar gjester. Aurland Ressursutvikling eig Myrkdalen Fjellandsby 100%, 50% av Flåmsbana og 50% av The Fjords. I tillegg eig og driftar selskapet fire hotell, 14 restaurantar og bakerikonsept. Me driv suvenirbutikk med nettbutikk og Flåmsbanamuseet. I Norway’s best AS verdset me naturen, miljøet og dei lokalsamfunna me opererer i. Ved å gjera vårt ytterste for å redusere vår miljøpåvirkning og støtte opp rundt lokal verdiskaping, ynskjer me å vera ein positiv bidragsytar til eit betre samfunn både lokalt og globalt og bidra til å ta reiselivsnæringa i ein meir berekraftig retning. Våre ansatte er kjernen i verksemda og me ynskjer å skape eit inkluderande og likestilt miljø med trygge arbeidsplassar.
Contact:
Birgittha Sandström, Manager Merchandise and Museum opearations
+47 940 22 378

Theres Kiboko, HR People and Culture
(+47) 992 02 606